![]() ![]() ![]() ![]() ![]() | ||
![]() | ||
![]() |
Ortorian Illustrasjon: Fredrik Rysjedal Rysjedal laga skjermteikneserien Ortorian som del av masterprosjektet | |
Teikneseriar på skjermKvifor er dei fleste nettseriane ikkje særleg tilpassa skjermmediet? FREDRIK RYSJEDAL / MARS 2015For litt meir enn femten år sidan betydde begrepet digital teikneserie at det var ein teikneserie som var teikna digitalt ved hjelp av ei datamaskin. I dag går dei fleste teikneseriar gjennom ei datamaskin i ein eller anna del av produksjonsfasen, og begrepet omhandlar heller teikneseriar som vert distribuert over eit digitalt nettverk. Saman med internett og den teknologiske utviklinga har det også oppstått ulike typar digitale teikneseriar, og det som skil dei er at dei er ulikt strukturelt utforma. Desse ulike teikneserietypane er enno ikkje skikkelig definert. Eg teikna eit bilete av dei i masteroppgåva eg gjorde på Kunsthøgskulen i Bergen i 2008. Her skal eg omtale nokre hovedpunkt frå oppgåva. Dei fyrste impulsane I masteroppgåva mi jobba eg med å finne ei presentasjonsform for lengre teikneseriar som skal lesast på skjerm. Inspirasjonen til oppgåva var uten tvil boka Reinventing Comics av Scott McCloud, publisert i 2000. Tanken på at det nesten ikkje hadde skjedd nokon nemneverdig utvikling på den digitale teikneseriefronten gjorde det heile meir spanande. Andre impulsar som var særs viktige var ein teikneserie som vart gitt ut i 2006 av den japanske spelgiganten Konami. Den heitte Metal Gear Solid Graphic Novel, og var utforma til å kunne lesast på den handheldte spelekonsollen til Sony, PSP. Det skal også nemnast at ein medstudent på Kunsthøgskulen (KHIB), Tomas Jøssang, laga ein fortreffeleg teikneseriefilm same året eg starta med prosjektet. Fokus på presentasjon Digitale teikneseriar finn ein mest på internett, der går dei under nemninga nettseriar. Internett er ein informasjonsjungel, der du kan finne svære nettsamfunn med entusiastar som sjølv lagar teikneseriar for nettet og støttar sine medskaparar. Det finnast nokre få døme på kommersielle suksessar som gjer det stort på digitale teikneseriar, og alle desse som gjer det bra er stripeseriar. Kvifor har du ikkje høyrt om desse? Fordi dette er nisjeprodukt som berre vert oppdaga av dei som oppsøkjer dei. Digitale teikneseriar vert laga for dei som bruker nettet mykje, for dei er datamaskina gjerne ein stor del av kvardagen. Eg er ein slik person, og det er kanskje difor eg arbeider med digitale teikneseriar, fordi eg veit det kan underhalde meg og at det har potensialet til å underhalde likesinna. Likevel tykkjer eg ikkje lenger teikneseriar fungerer noko bra slik eg ser dei på nettet i dag. I undersøkingane mine på Kunsthøgskulen kom eg fram til at det er presentasjonsforma det er noko i vegen med. Skal eg trekke dei store linjene, har eg eit par hypotesar om kvifor ein sjelden finn lengre nettseriar og digitale teikneseriar som engasjerer nok til å bli lese på skjerm. Ein av dei er at den digitale plattforma er amatørane sin tumleplass, og dei utnyttar den til det fulle. Det har den profesjonelle bransjen ikkje gjort. Sjølv om amatørane utnytter mediet er det ikkje det same som at dei utnytter det godt. Ein kan ikkje klandre amatøren for at han ikkje veit korleis ein utformar eit godt brukargrensesnitt for skjerm, men dette kan likevel vere ein av grunnane til at kvaliteten på presentasjonsforma til slike teikneseriar er nærmast null. Om presentasjonsforma er dårleg vil ein ikkje bruke tid på det. Og så lenge ingen med eit høgare ambisjonsnivå utvikler det vil det stå på staden kvil slik eg meiner det har gjort til no. Eg har sjølv observert at dei fleste nettseriane ikkje er særleg tilpassa skjermmediet. Kanskje det er uvissa rundt design som held den profesjonelle teikneseriebransjen vekke frå den digitale plattforma? Desse tankane danna grunnlaget til problemstillinga mi om å finne ein struktur, eller designmodell, for teikneseriar som skal lesast på skjerm. Den digitale teikneseriefamilien Gjennom kartlegginga av teikneseriar på nettet fann eg ulike typar og definisjonar på ulike former for digitale teikneseriar. Eg oppdaga at desse digitale teikneseriane ikkje er offisielt definerte, men det florerer ulike namn og gjerne misforståingar ute på nettet. Ut i frå mitt eige syn og perspektiv klarte eg å kartleggje fire ulike digitale teikneserietypar. Fellesnemnaren for desse er, som nemnt tidlegare, den digitale teikneserien. Dette er seriar som er distribuert over eit digitalt nettverk, men som du sikkert skjønar er nettseriar også ein fellesnemnar for dei same fire ulike teikneserietypane. Nettseriebegrepet omfattar berre teikneseriar som er publisert på nettet, det betyr at ein må kunne lese den på internett. Den digitale teikneserien er difor den overordna definisjonen. Eg vil no presentere dei fire ulike digitale teikneserieformene. E-teikneserien/«e-comic» Dette er ein tradisjonell teikneserie, forma for trykk, men presentert på skjerm. Det kan også gå den andre vegen. At den vert presentert fyrst på skjerm, men er utforma for å kunne ende opp på trykk. Dette er den forma ein finn mest av på nettet, og er det ein forbind ordet nettserier med. E-teikneseriar som skil seg ut er Marvel si digitale satsing, som gir ut gamle klassikarar på cd-rom og via ei abonnementløysing på heimesidene sine. Det som er spesielt med Marvel er at dei har laga eit system, eg vil kalle det brukargrensesnitt, for å gjere det lettare, eller om du vil, betre å lese på skjerm. Systemet let deg velje ulike lesemodusar, frå å lese oppslag til å hoppe frå rute til rute, eller lese halvsider om gongen. Marvel har også gitt ut samlingane sine på cd-rom. Hyperteikneserien/«hypercomic» Dette er ei teikneserieform som baserer seg på interaksjon mellom lesar og teikneserie gjennom eit utval forskjellige hyperlenkjer. Ei hyperlenke er rett og slett ein «link» slik vi kjenner den frå måten vi navigerer på nettet. Desse lenkjene er i hyperteikneserien med å gi lesaren fleire vegval, og kontroll over kva retning teikneserien skal lesast i. Denne grunnleggjande strukturen, som er å presentere ei ikkje-linær historie, er umogeleg å gjere på nokon anna måte enn digital, og på denne måten er hyperteikneserien ei fullblods digital teikneserieform. Teikneseriefilmen/«Motion Comic» Dette er ein hybrid av teikneserie og film, og er verken fugl eller fisk. Det er ein film, som ein sit og ser på utan å bla eller klikke på lenkjer, men det er heller ikkje tradisjonell film eller animasjonsfilm. Det er ein teikneseriefilm. Den nyttar det visuelle og statiske bildespråket frå teikneseriemediet til å fortelje historia saman med animasjon og lyd. Dette har ikkje teke noko særlig av enno, men ein serie som likevel har fått god medgang er den amerikanske Broken Saints, som óg er tilgjengelig på dvd. Den skjermbaserte teikneserien Dette er ein teikneserie som på lik linje med teikneseriefilmen og hyperteikneserien er utforma ut i frå at den skal opplevast på skjerm. Forskjellen er at det er ei leseoppleving der lesaren styrer framgangen som når ein les eit blad eller ei bok. Den er bygd opp av hyperlenkjer, men med ein linær struktur. Teikneseriegrammatikken er grunnleggjande den same som i trykte teikneseriar, men den er tufta på skjermvisning og skal fungere saman med visuelle verkemiddel som animasjon og lyd. Grensa mellom teikneseriefilmen og den skjermbaserte teikneserien er både stor og liten. Det er animerte forteljargrep i teikneseriefilmen som ikkje ville blitt brukt i den skjermbaserte teikneserien, men ein kan på ei anna side spele av ein skjermbasert teikneserie slik at forteljinga går automatisk framover som i ein film. I den fyrste offisielle skjermbaserte teikneserien Metal Gear Solid Graphic Novel kan ein velje mellom desse to formene etter kva lesaren sjølv føretrekk. Det var den skjermbaserte teikneserien eg gjorde greie for i masteroppgåva mi på Kunsthøgskulen. Dette var berre ein kort introduksjon. Å forklare mekanismane i ein skjermbasert teikneserie tek litt meir plass enn det eg har i denne artikkelen. Er du derimot interessert og vil lære meir, er oppgåva å finne på nettet. |
||
![]() Den skjermbaserte teikneserien Masteroppgåve i design Kunsthøgskolen i Bergen 2008 74 sider Les oppgåva (issuu) Last ned oppgåva (pdf) Fredrik Rysjedal er stipendiat ved Kunsthøgskolen i Bergen, illustratør og teikneserieskapar. Nettside: www.fredrikrysjedal.no |
||
![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |